Tre involverte i slagsmål natt til 2. juledag
Melder om slagsmål.
Politiet melder om slagsmål som fann stad i Os sentrum natt til 2. juledag. Det skal ha vore tre involverte; éi kvinne og to menn.
Det er i skrivande stund ingen som har meldt forholdet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alle dei involverte er i 20-åra, ifølgje politiet.
Politiet opplyser også at dei har hatt tre promillekontrollar 1. og 2. juledag; to ved Storestraumen på Søfteland og éin på Lepsøyvegen ved Storumbakken. Det var ingen reaksjonar ved nokon av kontrollane.