Juletrenett og vedsekkar skal ikkje kastast i plast
- Kan skapa driftsstans og store øydeleggingar.
– Vi oppfordrar alltid alle til å kjeldesortera, men akkurat juletrenettet er veldig problematisk å få inn på sorteringsanlegga som handterer all plastemballasje før det blir materialgjenvunne, seier Kari-Lill Ljøstad, kommunikasjonssjef i Grønt punkt Norge, i ei pressemelding.
Grunnen er at nettet kan snurra og kveila seg fast i maskineriet på sorteringsanlegga, noko som kan skapa driftsstans og store øydeleggingar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det same gjeld for vedsekkar.
– Nettet skal kastast i restavfallet, i all fall for dei aller fleste, seier Ljøstad.
Unntaket er for innbyggjarar på Nedre Romerike, Follo, og andre kommunar som leverer avfall til ettersorteringsanlegget på Romerike avfallsforedling (ROAF).