Hadde ikkje gjort jobben godt nok: Ein førar må punga ut etter ikkje å ha skrapa frontruta godt nok.

Ein sjåfør må betala etter ikkje å ha gjort denne jobben godt nok

Fekk bot for “manglande utsyn”.

Onsdag gjennomførte Utrykkingspolitiet (UP) promillekontroll på Halhjem. Der blei 53 førarar kontrollerte. Ingen utslag, opplyser politiet i ein e-post.

Klokka 9 blei det oppdaga ein bil som stod feilparkert i krysset Særvollsvegen/Lepsøyvegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Bilen var parkert på eit fortau, og var til hinder for sikt på staden. Eigar blei kontakta for å flytta bilen, og den som disponerte bilen, må betala eit gebyr, skriv politioverbetjent Atle Birkeland.

Onsdag ettermiddag hadde UP og Statens vegvesen trafikkontroll i Mobergsbakken. 16 køyretøy blei kontrollerte. Det resulterte i eitt forenkla førelegg for manglande utsyn, då frontruta ikkje var skrapa tilstrekkeleg.

Føraren fekk eit gebyr på 2.800 kroner for ikkje å ha fjerna is på front- og sideruter før køyringa starta.