Kvifor solidaritet med Ukraina?
Situasjonen for menneska der vert meir desperat for kvar dag som går.
Dei opplever bombing, mangel på vatn, kulde, svolt og fråfall av elektrisk straum.
Me ser difor eit absolutt behov for naudhjelp no, og spesielt gjennom den kalde vinteren. Dei mest sårbare vert ramma hardast.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me ser for oss ekstrem liding i vinter.
Menneska har to val - å flykta eller å frysa.
Det heilt hjerteskjerande er at somme ikkje har motteke humanitær hjelp sidan februar.
Dei opplever eit helvete på jord. Dei humanitære behova har eksplodert.
På tross av økonomisk støtte frå regjeringar, strekkjer ikkje løyvingane til.
Hjelpeorganisasjonar treng meir hjelp.
Midlane som me eventuelt klarer å samla inn via solidaritetskonserten i Os kyrkje torsdag 15. desember, vil via Flyktninghjelpen gå til internt fordrivne flyktningar i Ukraina.
All hjelp nytter. Midlane når ikkje mange, men det vil bety alt for dei få som får hjelp.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vår hjelp vert ein dråpe i havet, men noko føler me må gjerast.
Me håper difor på solid støtte frå våre sambygdingar.
Alle musikarar og tilretteleggarar av solidaritetskonserten