God sak som fortener gode lokale
SOS Bjørnafjorden gjer ein viktig innsats. Vi som kommune bør og kan syta for gode lokale til organisasjonen.
Vi har forskjellar i levekår i Noreg, og dei aukar. Det er ei kjensgjerning. Dei siste åra - og spesielt dette året - er det stadig fleire som slit med å få endane til å møtast. Då betyr det mykje at det finst støtte å få - hos nokon som forstår. SOS Bjørnafjorden forstår.
Vi i Miljøpartiet Dei Grøne meiner at det er det offentlege si oppgåve å syta for at alle innbyggjarar kan leva verdige liv. Vi er opptekne av rettferdig fordeling og solidaritet. I det ligg det også at vi skaper rom for dei som vil og kan hjelpa.
Artikkelen held fram under annonsen.
SOS Bjørnafjorden har etablert seg som eit viktig supplement til det offentlege. Organisasjonen kjem tett på, er effektiv og kan hjelpa “her og no”.
Lagerplassen dei leiger i dag er lite hensiktsmessige. Bjørnafjorden kommune har ledige lokale. Då seier det seg sjølve at her kan vi få ein vinn-vinn-situasjon. Kommunen stiller med tenlege lokale og SOS Bjørnafjorden kan bruka kreftene på det dei er best til: Hjelpa andre.
I samband med budsjett-arbeidet kjem vi derfor til å be kommunedirektøren vurdera det kommunen har av ledige lokale, og foreslå lokale som SOS Bjørnafjorden kan disponera.