Ulukke på Osvegen: Kvinne fekk tilsyn av ambulansepersonell
Politiet rykte ut til ulukke på Osvegen fredag ettermiddag.
To bilar var involverte i ei ulukke på Osvegen fredag ettermiddag.
Meldinga kom kl 16.13.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ingen var fastklemde etter ulukka.
I ei oppdatering på Twitter skriv politiet at det skal vera snakk om ein påkøyrsel bakfrå. Ei kvinne i 30-åra fekk tilsyn av ambulansepersonell på staden.
– Vegen er no open att og køyretøya skal vera køyrbare, var meldinga som kom kring kl 16.45.