Frida (26) ville slutta å laga musikk, men etter ein ulukksalig joggetur, kom det ei flodbølgje av låtar
— Eg var lei og ville fokusera på jobb og andre fritidssyslar, fortel 26-åringen.
Frida Bergljot Anda Vangen har drive med musikk så lenge ho kan hugsa. Også i det sivile har ho via tida fullt og heilt til lidenskapen. Ho er utdanna musikkterapeut ved Griegakademinet i Bergen og jobbar både ved Øyane DPS i Øygarden og ved Bergen Katadralskole.
Avstandsproblem
Ho starta tidleg å skriva eigne låtar. Dei siste åra har ho også engasjert seg i ulike band. Men i sommar fekk ho ei kjensle av at ho var ferdig med musikken. Ho kom på mange måtar til «enden av vegen».
Artikkelen held fram under annonsen.
— Me gjorde ein del spennande med bandet Indah, og konseptet med musikk og fokus på miljøvern var bra, men ettersom me budde ulike stader i landet, vart det plutseleg litt tungt og vanskeleg, fortel Frida.
Samstundes byrja ho å kjenna på at det å skriva på engelsk ikkje kjentest like naturleg lenger.
— Det enda med at eg la alle musikkplanane og musikk-ideane på hylla, sette meg tilbake og konstaterte at no skal eg slutta å styra med musikken, fortel Frida.
Men det skulle ikkje gå lang tid før ungjenta frå Strandvik plutseleg sat med gitaren i fanget att og produserte songar på løpande band.
Flodbølgje av songar
Ein liten joggetur i Bergens gatar var starten på det som vart ei heilt ny sjangerretning for 26-åringen.
— Eg skadde meg skikkeleg i foten og vart plutseleg tvungen til å halda meg i ro nokre dagar. Då skjedde det noko. Heilt tilfeldig skreiv eg ein låt med norsk tekst. Deretter kom det nærast ei flodbølgje av låtar. Eg trur eg skreiv rundt tretti songar i løpet av ein knapp månad. Forløysinga var enorm, ler Frida.
Ikkje lenge etter fekk ho ein førespurnad av Kvinnefronten om å spela på 50-årsjubileet deira i Bergen. Frida takka ja, og her vart nye minne og idear vekte.
— Arrangementet fann stad på Café Sanaa ved Lille Lungeårdsvannet. Her vart eg inspirert av temaet og tanken på å spela og opptre til inntekt for noko viktig og bra. Pågangsmotet til Kvinnefronten og Chiku fekk meg til å tenkja at dette ville eg gjera meir av, fortel ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit minne om å hjelpa
Plutseleg vart Frida minna på då ho, søstera og mora drog til Tanzania i 2009.
— Det var ein tur som gjorde sterkt inntrykk på meg. Me fekk vera med på opninga av ein ny skule i Samumba Village. Denne skulen vart bygd av midlar samla inn av lokalgruppa Rafiki (ven på swahili). Dette prosjektet var det mor mi, Laila, og ei kvinne som heiter Chicu Ali som stod i spissen for, fortel ho og held fram:
— Det gjekk opp for meg at det å hjelpa andre som har mindre enn meg, har stått sentralt i heile barndommen min og forma og følgd meg i alle livsvala eg har teke. Då var det naturleg å sjå om eg ikkje kan gjera meir av det samstundes som eg presenterer musikk, seier Frida.
Deretter ringde ho til Arne Bergsvik på Handelslaget heime i Strandvik.
— Eg hadde ein intimkonsert på Handelslaget for eit par år sidan og hugsar det som ei veldig kjekk oppleving. No fann eg ut at eg kunne gjera ein ny konsert med alle dei nye songane og la alle inntektene frå billettsalet gå til eit velgjerande føremål. Bergsvik var positiv, og dermed var det berre å køyra på, fortel ho.
Som då ho spelte for Kvinnefronten, vil ho no støtta eit prosjekt sett i gang av nemnde Chicu Ali og osingen Bjørn Blomberg.
— Dei har eit prosjekt der dei samlar inn pengar til ein helseklinikk i Singida ved namn Singidani Clinic. No håpar eg folk kjem på konserten og hjelper meg å støtta dette, seier ho.
Dei mange låtane ho har skrive, er sjølvsagt også noko ho brenn for å presentera.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Eg er heldig. Eg har fast jobb og har det bra, men her kan eg slå to fluger i ein smekk. Eg kan presentera mine nyskrivne viser, musikk eg brenn og gler meg over å framføra, samstundes som eg og publikum kan støtta ei god sak.
Konserten er laurdag 12. november.