Skikkeleg ruskevêr
Sommaren er så absolutt på retrett. I føremiddag sendte Meteorologisk institutt ut OBS-varsel for tre fylke. Hordaland er eitt av dei.
I morgon ventar ein at restane av den tropiske stormen "Karl" skal slå inn over Vestlandskysten.
Dermed vart det i føremiddag sendt ut OBS-varsel for fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Frå tysdag føremiddag er det venta liten storm på kysten og i fjellet. Sør for Boknafjorden sterk kuling, ved Stad kortvarig full storm på kvelden, heiter det på nettsida til Meteorologisk institutt.
Nord for Boknafjorden kan det ifølgje meteorologane verta vindkast på 25-30 meter i sekundet. Det er òg venta mellom 70 og 100 millimeter nedbør frå tysdag ettermiddag til onsdag morgon.
Ifølgje meteorolog Steinar Skare har den tropiske stormen "Karl" blanda seg med andre lågtrykk i Atlanterhavet på veg mot Noreg, og er ikkje kraftig nok til å ha sitt eige namn lenger.
- Det er ein veldig svekkja Karl som kjem til oss. No er det snakk om eit vanleg uvêr, seier Skare til NRK Hordaland.
Ifølgje dei lokale varsla kan det på Os verta opp mot liten kuling og vindkast på kring 13 meter i sekundet frå søraust tysdag kveld og onsdag føremiddag. Frå tysdag føremiddag må ein dessutan kle seg godt. Då kjem det til å bøtta ned.
I Fusa derimot slepp ein ifølgje Yr og Storm unna med det som vert referert til som frisk bris. Det vil seia vindkast på 9 meter i sekundet på det meste. Nedbørsmengda er den same som i nabokommunen.