Blir Bjørnafjordens mest bråkete kontor: — Vi gler oss! Det er lyden av pengar til kommunen.
BUS har fått hovudkontor langs det som snart vert kommunens mest trafikkerte veg.
— Ja, no blir det bråk på kontoret, og det gler vi oss til, ler Alf Sognefest, dagleg leiar i Bjørnafjorden Utviklingsselskap (BUS).
BUS har fått ansvaret for Lyseparken, Bjørnafjorden kommunes store næringslivssatsing i Endelausmarka.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei har no flytta hovudkontoret inn i ein brakkerigg ved pendlarparkeringa på aust-sida av nye E39. Enn så lenge er det stille og roleg, men frå måndag av blir det motordrønn døgnet rundt.
— Den lyden tek vi gjerne imot. Det er lyden av potensielle kundar og pengar til Bjørnafjorden kommune.
Vil prisane stiga?
— Korleis går det med sal av tomter, vil prisane stiga når vegen opnar?
— Det er noko som heiter at ein ikkje bør selja høns i regnvêr. Lyseparken utan veg er ein ting. Lyseparken med ein operativ og ny E39 er noko heilt anna, for å seia det slik.
Sognefest har med andre ord klokkartru på produktet.
— No har vi for såvidt alltid tenkt på prisane i Lyseparken med veg, men for potensielle kundar er det jo noko med å sjå det med sjølvsyn og ikkje berre sjå det for seg.
Sognefest går så langt som til å seia at Lyseparken no vert for verdas navle å rekna.
— Det vert ikkje langt unna, i alle fall. Det blir ei aha-oppleving for folk å sleppa Vallaheiane og Fanafjellet til fordel for å kunna susa gjennom tunnelane til Lyseparken.