Vegkroa ute for sal til 18 millionar kroner
Torsdag vart prospektet for ER-AN Veikro lagt ut på FINN.no. Salet omfattar aksjane i driftsselskapet og dessutan eigedomen vegkroa står på.
Onsdag skreiv Os & Fusaposten om Linda Andersen og dottera Hanne Cathrine Andersen som stengjer dørene til si kjære vegkro måndag. Dagen etter kom prospektet på FINN.no.
— Me håpar nokre engasjerte folk kjem inn og syt for at denne plassen får leva vidare. Sjølv om me ikkje har høve til å driva vidare, er det ingenting me ønskjer meir enn at andre lukkast med å driva restaurant i desse lokala, sa Linda og Hanne Cathrine til Os & Fusaposten onsdag.
Artikkelen held fram under annonsen.
I prospektet er det opplyst at bygget er på totalt 542 kvm og at heile eigedomen er på 5.199 kvadratmeter. Det står også spesifisert at nybygget og totalrenoveringa av heile vegkroa fann stad i 2013.