Mottek stadig meldingar om dronar. No kjem politiet med presisering
Vest politidistrikt har den siste tida mottatt mange meldingar frå publikum, som går på observasjonar av dronar.
– Politiet set pris på at folk er observante og følgjer med, men ynskjer at folk melder inn ferske og konkrete observasjonar som har ein nærleik til viktig infrastruktur, kommenterer fungerande stabssjef Vest politidistrikt, Kjetil Øyri.
Han presiserer at det er mykje lovleg droneaktivitet knytt til for eksempel eigedomsbransjen og diverse næring.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette treng politiet ikkje melding om, heller ikkje observasjonar som er langt frå folk og busetnad, poengterer han.