Pålegg: Partane fekk munnleg pålegg om å ikkje oppsøkja kvarandre på 24 timar. Biletet berre for illustrasjon.

Oppheita stemning og trugslar ved Rema 1000

Partane fekk munnleg pålegg om å ikkje oppsøkja kvarandre på 24 timar.

Klokken 18.05 søndag fekk politiet melding om pågåande «oppheita stemning og trugslar» ved Rema 1000 på Kuven.

To politipatruljar køyrde til staden og fekk kontakt med partane, som då heldt seg rolege.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare fekk dei munnleg pålegg frå politiet om å ikkje oppsøkja kvarandre fram til klokka 19 påfølgjande dag.

Partane vurderer å melda saka i ettertid.