Meldt gult farevarsel og mykje torevêr: No er vi i gang
Klokka 9.43 kom det fyrste lynglimtet. Det kan bli meir av denslags i dag.
I skrivande stund melder yr.no at det pågår mykje lyn og torevêr i ytre strøk av Rogaland og Hordaland. Det er sendt ut gult farevarsel.
Torevêret er venta å halda fram til i ettermiddag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er store skilnader i intensitet, og nokre stader vil ikkje merka noko.
Og ja, samtidig skal det hølja ned.
Meteorologisk Institutts råd til oss alle er å halda seg oppdatert på vêrvarslinga, og kopla frå elektriske apparat ved behov.
Du kan fylgja med på lynnedslag i sanntid her.
Er du ute på vegen, tilpass farten etter forholda.
Er du på fjellet eller ute i friluft, søk ly. Unngå opne sletter og store tre.
Det siste rådet her er kanskje overflødig, men ikkje legg på sym eller bad.