Politiet bistod etter mindre uhell
Var på plass etter mindre uhell.
Politiet rykte ut etter melding om eit mindre uhell i Langedalen laurdag ettermiddag.
– Det var ein bil som hamna like utfor vegen, etter å ha køyrd ut til sida for å sleppa motgåande bil forbi. Det er ikkje snakk om materielle eller personskadar. Vi berre bistår til bilen er tilbake på vegen, fortel vakthavande ved operasjonssentralen.