Premieplanar: Mannen har rokke å tenkja ut kva i alle fall delar av premien skal gå til.

Lotto-vinnar frå Bjørnafjorden: - Denne telefonen har eg venta på

Norsk Tipping har fått tak i bjørnafjordingen som vann over 7 millionar i Lotto i helga.

– Denne telefonen har eg venta på, seier vinnaren frå Bjørnafjorden til Norsk Tipping, som fekk tak i mannen måndag føremiddag.

Les også
Bjørnafjording vann 7.690.420 kroner

Mannen gløymde telefonen i bilen laurdag kveld og hadde dermed ikkje fått med seg at Norsk Tipping ringte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg såg at eg hadde fleire tapte anrop frå Norsk Tipping og tenkte at dei ringjer jo ikkje for kva som helst. Så eg gikk inn i appen og såg på trekninga at eg hadde fire, så fem, så seks og så sju rette tall. Då gjekk det kaldt nedover ryggen på meg, seier bjørnafjordingen vidare.

Rekka han vann med, har vore ein gjengangar for mannen.

– Tala eg spelte på er alderen på barneborna, så dei har eg spelt fleire gonger, seier han til Norsk Tipping.

Premiepengane skal gå til å nedbetala gjeld på huset, ny bil til kona og til å dela med born og barneborn.

– Etter det vil det framleis vera igjen ein del pengar, så pensjonen er også sikra, smiler mannen.