Endeleg sommarferie!
Klokka er to minutt på 11. Plutseleg går dørene i 1. etasje på Os ungdomsskule opp. Elevane kjem ramlande ut. Nokre jublar, andre klemmer. Det er sommarferie.
- Det er utruleg digg, seier William Lekven (14).
- Fantastisk, stemmer klassekamerat Even Hilland Lærum (14) i.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det vert godt å kunna sova lenge, seier Anders Nordal Bøe (13)... før han legg til:
- Men eg gler meg alt til å byrja i 9. klasse.
- Nei, nei, nei. Stryk det siste, seier dei andre gutane i kor.
Gutane var fram til for få timar sidan elevar i klasse 8A ved Os ungdomsskule. No ventar nesten to månader med fri, før dei vender attende til skulebenken, "eitt" år eldre.
- Kva skal de bruka ferien til?
- Hunden vår skal ha valpar, så eg kjem til å halda meg heime, fortel Lekven.
Elles vert det mykje feriering, fotball og soving, ifølgja gutane.
- Det beste med å ha ferie er å vakna om morgonen og tenkja: Yes, vi har fri i to månader, seier Stian Gamlemshaug (13).
Artikkelen held fram under annonsen.
Både òg
Å ha sommarferie er ikkje berre kjekt, skal ein tru åttandeklassingane Amalie Haga Gaassand (13) og Lilly Mae Grønvigh (13).
- Eg føretrekkjer faktisk å gå på skule. Eg synest to månader er litt lenge, seier Grønvigh og legg til:
- Det er kjekt å reisa på ferie og å vera heime, men om sommaren er det mange som er vekkreist. Eg likar ikkje å kjeda meg.
Gaassand synest det er godt å vera ferdig med prøver og lekser - i alle fall for ei stund.
- Kva skal du gjera i sommar?
- Alt og ingenting, seier 13-åringen og smiler.