I helga blir det nordlys over Bjørnafjorden
Men du kjem neppe til å sjå noko som helst.
Det er meldt nordlysaktivitet over nær sagt heile Norge dei komande nettene.
Det er kanskje ikkje alle som veit at yr.no har eit eige nordlysvarsel. Det ligg som underpunkt under taggen «I nærheten».
Artikkelen held fram under annonsen.
Nett no viser denne at KP-indeksen i Bjørnafjorden er mellom 4 og 6 både fredag og laurdag natt.
KP-indeksen er ein målestokk som går frå 0–9. Ein verdi på 0 betyr låg aktivitet, medan 9 betyr at ein intens geomagnetisk solstorm er i gang. Det skriv nrk.no.
Dess høgare tal, dess meir sannsynleg er det at nordlyset vert synleg.
Meteorolog Eldbjørg Moxnes ved Meteorologisk institutt seier til NRK.no at dersom nordlyset skal vera synleg lengst sør i landet, må KP-verdien ligga på minst 5.
I Oslo må han ligga på 4, medan han i Tromsø kan ligga heilt nede på 0 og likevel vil nordlyset vera godt synleg.
Finst det håp?
Alt dette er vel og bra, problemet er berre at det er meldt overskya både natt til laurdag og natt til fredag.
Men, kanskje er du heldig og får eit glimt likevel?
— Tja, natt til laurdag er det ikkje ein sjanse. Då er skylaget for tjukt, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han åtvarar vidare om at nordlys uansett ser finare ut på bileta enn i røynda.
— Fotografar opererer gjerne med lang lukkartid på kameraet. Du risikerer å bli skuffa om du trur du skal sjå det same.
— Finst det ikkje eit lite håp om å sjå nordlys i helga?
— Det einaste er laurdag kveld etter klokka ni, eller tidleg natt til søndag. Då kan det vera at skylaget sprekk opp innimellom, men eg lovar ingenting, altså, ler Fagerlid.