Ung gut henta av mor: Ein ung gut skal ha stolen varer frå ein daglegvarebutikk på AMFI Os.

Ung tjuv ville ikkje samarbeida

Guten blei etter kvart henta av mora.

Litt før klokka 15 måndag, fekk politiet melding om at det hadde funnen stad eit tjuveri av varer frå ein daglegvarebutikk på AMFI-senteret.

— Politiet rykte ut då den unge guten ikkje ville opplysa namn eller kvar han budde. Guten blei henta av mora, og han vil bli kalla inn til ein bekymringssamtale — og saka vil bli løyst i det førebyggjande sporet, skriv politioverbetjent Anne Lyssand i ein e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seinare måndag kveld skal ein lastebil ha mista eit hjul i Liafjelltunnelen.

— Lastebilen stod i tunnelen og kom litt brått på andre køyretøy. Politiet rykte ut og bilbergar blei tilkalla.