Tjuveri av delar til over 100.000 kroner
Meldinga kom inn til politiet måndag morgon.
Måndag kring klokka 07.00 fekk politiet melding om tjuveri av styreeiningar frå ei verksemd nord for sentrum.
— Delane som blei stolne har ein verdi på 120.000 kroner. Vi har oppretta sak, skriv politioverbetjent Anne Lyssand i ein e-post.