20-åring vart 6.000 kroner fattigare
Fleire år etter at det vart forbode å svinga til venstre ut frå Brugata, var det nettopp det den unge kvinna gjorde.
Natt til fredag fekk ei 20 år gamal kvinne eit førelegg på 6.000 kroner for å ikkje ha fulgt påbodet om å svinga til høgre ut frå Brugata til Hatvikvegen.
Utpå føremiddagen, klokka 9.45 vart ein bil lasta med ved kontrollert for overvekt, idet han køyrde i land frå ferja frå Sandvikvåg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alt var i orden og bilen fekk køyra vidare.
Laurdag i 13-tida observerte ein meldar ein bil som køyrde vinglete. Årsaka skal ha vore ein førar som tasta på mobilen sin.
Bilen vart borte for meldar og politiet fekk ingen observasjon på køyretøyet.