Fekk inn to kattar dynka i diesel
Uvisst kva som var årsaka.
Fredag formiddag fekk Os Dyreklinikk inn to kattar som var dynka i diesel.
I ein e-post opplyser politiet at ein ikkje veit kva som er årsaka, og at det ikkje er oppretta sak.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Det er uvisst om det er påført eller om kattane kan ha vore ute for eit uhell, eller ein slåstkamp, skriv politioverbetjent Anne Lyssand.