Utbetring pågår, men framleis er fleire utan vatn
Kommunen har oppretta eigen vasspost.
Fleire er framleis utan vatn etter at Bjørnafjorden kommune måndag morgon melde om eit vassbrot i Stølsvegen på Osøyro.
Feilen er no funnen, og det pågår arbeid for å utbetra problemet.
Artikkelen held fram under annonsen.
I mellomtida er det oppretta vasspost på hydrant ved Stølsvegen 20.