Tok hand om berusa kvinne og bortkomen hund
Begge hendingane fann stad laurdag kveld.
Klokka 21.05 fekk politiet melding om ein hittehund i Hagavik-området. Den vesle, kvite terrieren vart funnen utan halsband, og Viking overtok oppdraget.
Ein halvtime seinare fekk politiet melding om ei berusa kvinne i 40-åra. Patruljen kom til staden, før helsevesenet vart varsla og overtok oppdraget.