Propananlegg om bord: – Vi bed om at folk respekterer politiets beskjedar
Har oppretta tryggleikssone.
Politiet blei varsla om brannen i Vargavågen av brannvesenet klokka 12.26.
Brannen har spreidd seg til to andre båtar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Brannvesenet meiner dei skal klara å hindra vidare spreiing.
Det er ikkje meldt om personskader eller sakna.
– Det er mykje røyk i området og fare i forbindelse med eit propananlegg om bord, i alle fall i den eine båten. I den forbindelse er det ein sikkerheitssone på 100 meter i området. Vi ber om at folk respekterer dette og politiets beskjedar. Vi er på staden med tre patruljar; to på land samt politibåten, opplyser politioverbetjent Eivind Hellesund.