Klar: – No er den siste bussen klar, opplyser pressekontakt i Skyss, Ingrid Dreyer.

Ny betalingsmoglegheit på bussane frå og med i dag

Har jobba i fleire månader med å «oppgradera» alle dei 900 bussane i Hordaland.

– No er den siste bussen klar, og dermed kan dei reisande kjøpe bussbillett med bankkort i på alle Skyss sine bussar i Vestland, opplyser pressekontakt Ingrid Dreyer.

Bussane i Sunnhordland og Hardanger fekk kortbetaling i vinter og har hausta erfaringar med bruken ei stund.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det tok ikkje lang tid før over halvparten av dei som betalar om bord, betalte med kort i staden for kontantar, seier Kari Steinsland, leiar for mobilitetstenester i Skyss, i ei pressemelding.

Ho konstaterer at mange ikkje har med seg kontantar lenger.

– Bankkortbetaling gjer også at bussjåførane får mindre pengar å passe på, seier Steinsland.

Eit fåtal betalar framleis hos sjåføren. Dei fleste reisande nyttar mobilen for å kjøpe billett.

– Vi vil at så mange som mogleg skal halda fram med å bruka app og kjøpe billett før dei går om bord, sånn at bussen bruker minst mogleg tid på haldeplassen og kjem seg raskt der han skal, påpeikar ho.

Ho legg til at ein framleis kan kjøpa billettar kontant hos sjåføren. I bergensområdet (sone A) må du betale eit pristillegg når du kjøper billetten kontant, men ikkje når du betalar med kort.