Kommunen siklar på denne eigedomen
Administrasjonen skal på visning i dag. Premissane blir lege i ei lukka del av dagens kommunestyremøte.
På Finn ligg det ute for sal eit nedlagt småbruk. Eigedomen i Sperrevikvegen er på vel 50 mål, og det skal vera ei stund sidan nokon har budd på det gamle småbruket.
Tom Leonsen leiar på avdeling idrett og friluftsliv i Bjørnafjorden kommuen, orienterte torsdag morgon politikarane i kommunestyret om eigedomen.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Dette kom brått på oss i administrasjonen i går. Det er visning i dag, og dette er ein eigedom som kan gå fort. Vi hadde eit kort møte i eigedomsutvalet i dag tidleg, der det blei orientert kort om saka, seier Leonsen.
Det nedlagde småbruket har 500 meter strandlinje. Leonsen snakka om at kommunen burde vera litt frampå med tanke på sikra seg areal som kan gje tilkomst til sjø. Det er truleg at innbyggjartalet dei neste åra vil stiga monaleg i Lysefjorden-området.
— Det er i dag avgrensa tilkomst til sjø. Det er litt i Sperreviken, og så har ein Søvikvågen. På denne eigedomen er det mogeleg med ein badestrand, fiskeplassar, turstiar — rekreasjon generelt i området, seier Leonsen.
Ordførar Trine Lindborg (Ap) ville supplera at det er viktig å få vist saka i offentlegheit, og at dei ønskjer å ta sak i ein lukka del av kommunestyremøtet seinare i dag, torsdag.
— Det handlar om å finna ut kva mandat ein skal gje administrasjonen som skal på visning, seier Lindborg.
Eigedomen ligg ute for knappe fire millionar kroner. Det er eit LNF-område (landbruks-, natur- og friluftsområde).