Aksjonen er avslutta: – Mannen er pågripen
Den bevæpna aksjonen er avslutta.
– Mannen kom ut døra. Politiet fekk ein god kontakt og har kontroll på han no, opplyser innsatsleiar Gisle Antun.
– Vi har prøvd lenge å få kontakt. No lukkast me, legg han til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han skildrar pågripinga som udramatisk.
– Han gjorde som han fekk beskjed om.
Mannen vert frakta til legesjekk.
– Så skal vi ha ein prat med han, seier Antun.
Politiet har opplysningar som tilseier at han var åleine i huset, men tek no ein siste sjekk.
Aksjonen er avslutta, og mannskapet riggar ned.
Personen som vart utsett for trugslar, vert følgd opp.
Store styrkar og beredskapstroppen frå Oslo har vore med i aksjonen, som starta då mannen skal ha kome med trugslar søndag kveld.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politiet bevæpna seg då dei var usikker på korleis mannen ville agera. Dei kunne heller ikkje utelukka at han hadde våpen.