Melde om akutt vasslekkasje. Feilen er utbetra
Kommunen melde onsdag føremiddag om akutt vassleidningsbrot i nærleiken av Valle bru.
– Dette kan gi brot på vassforsyninga i fleire tilsluttande område, opplyste kommunen på sine heimesider.
Det skal ha vore eit uhell i samband med gravearbeidet ved den nye vegen som var årsaka.
Artikkelen held fram under annonsen.
Uhellet går utover ein del kundar frå Valle bru ut til Hatvikvegen og ned til Luranetunet, opplyste Odd Helge Henriksen, prosjektleiar i Bjørnafjorden kommune.
Kring kl 11 melde kommunen at feilen var utbetra.
- Vannet skal no vere tilbake. Om vatnet er misfarga, tapp med kaldt, oppmodar kommunen.