Bjørnafjorden kommunestyre: Det var mykje diskusjon på torsdagens kommunestyre. Kven tok til orde for å roa litte grann ned?

Kven ba politikarane om å pusta med magen?

Det var full kok i kommunestyresalen torsdag kveld. Ein politikar ba sine politiske kollegaer om å pusta med magen.

For fleire av våre folkevalde politikarar kjem nok helga som ein etterlengta pause. Slutten av veka vart nemleg av det oppheita slaget. Under torsdagens kommunestyremøte utløyste debatten kring det nyoppretta økonomivalet så mykje engasjement og kjensler at ein representant såg seg nøydd til å gå på talarstolen og be folk pusta med magen.

I dagens utgåve av fredagsquizen spør me: Kven gjorde dette, og kva parti representerer vedkomande?

Artikkelen held fram under annonsen.

Har du svaret, send det til post@osogfusa.no, eller skriv det i kommentarfeltet til linken vår på Facebook.

Les også
Fredagsquiz nummer 12: — Kva bles dei i?

Sist veke spurde me kva instrument representantane frå Bjørnafjorden kommune som deltok i landsfinalen for unge musikarar, spelar. Svaret var at Thomas Hjertaker spelar obo, medan Håvard Breistein spelar waldhorn.

Ein som visste dette, var Gjert Haldorsen. Han har gjort seg fortent til fire Flaxlodd som han kan henta på kontoret vårt på Osøyro.