Fekk straumrekning på 1,8 millionar: – Forstår godt at andre næringar også treng støtte
Lyssand Gartneri si straumrekning gjekk gjennom taket i første kvartal i år, men i motsetnad til bedrifter i andre næringar, fekk dei god hjelp.
Tysdag kom Linda Andersen på ER-AN Veikro med eit hjartesukk over den kolossale auken i straumprisar. Andersen vedgjekk at to år med pandemi etterfølgd av skyhøge straumprisar og auka prisar på råvarer generelt, gjer situasjonen uhaldbar.
– Me klarar oss så vidt, men me kan ikkje overleva på dette viset over lengre tid, konstaterte Andersen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho etterlyste umiddelbar hjelp for å dekka straumrekningane.
– Regjeringa må sjå at ei rekkje bedrifter står i fare for gå konkurs slik straumprisane er no. Her må det konkrete tiltak til, sa Andersen.
God hjelp for gartneriet
Ein annan som har fått merka prisauken, er Thomas Lyssand ved Lyssand Gartneri på Nore Neset. I bransjen hans er utstrakt bruk av taklys i drivhusa ein sjølvsagt føresetnad for drift, spesielt på vinterstid.
– Straumrekninga vår for første kvartal i år var som venta veldig høg - ganske nøyaktig tre gonger så høg som året før, fortel Lyssand og held fram:
– I fjor var rekninga på vel 600.000 for denne perioden. I år var me oppe i 1,8 millionar kroner, trass i at me hadde fastpris på ein tredel av straumen, fortel han.
Men medan Andersen og andre næringslivsdrivande må ta heile «kaka» sjølv, fekk Lyssand god hjelp frå staten.
– Sidan me driv innanfor landbruk, er me berettiga støtte til straumen. Me registrerte målepunkt-ID-ane og fekk automatisk 500.000 «i avslag» på rekninga for første kvartal. Det monna godt, konstaterer Lyssand.
Straumstøtte til jordbruks- og veksthusnæringa
«Foretak som driv aktivt jordbruk og/eller produksjon i veksthus kan no registrera opplysninger om sine målepunkt for å motta støtte for utgifter til elektrisk kraft i produksjonen. Støtta gjeld for perioden desember 2021 til og med mars 2022».
Det opplyser Landbruksdirektoratet på sine heimesider.
Her er også oversikt over kven som kan søkja om støtte til straumrekninga for første kvartal i år. Siste frist for å registrera målepunkt-ID-ane er 15. mai.
Artikkelen held fram under annonsen.
Har stor forståing
Sjefen ved Lyssand Gartneri er svært takksam for straum-støtta næringa hans får, og har full forståing for at andre næringar også hadde trengt hjelp i desse tider.
– Me i landbruket er ikkje åleine om å bruka mykje straum. Det gjeld nok for mange næringar. Eg skjønar godt frustrasjonen til Linda Andersen og andre som per no ikkje har fått hjelp med desse store rekningane, seier han.
Han peikar på at det til sjuande og sist går ut over forbrukarane.
– Me har prøvd å unngå å auka prisane på produkta våre, men om straumprisane forblir så høge som no, må me kanskje gjera noko med utsalsprisen, me også, seier Lyssand.
Han legg til at støtta utelukkande galdt for første kvartal i år. Resten av året må dei klara seg sjølve.
– Me prøver å vera smarte med bruken av lys. Frå april til september er dagslyset godt nok. Det me brukar av straum i denne perioden, går til maskinar og utstyr, fortel Lyssand.