Listar opp tre punkt for å få ned den stadig veksande hjortebestanden
Bjørnafjorden landbrukskontor jobbar med ein ny hjorteviltstrategi. Mellom anna skal dei auka avskytinga vesentleg i tre år frå 2023.
Hjortebestanden har auka jamt og trutt sidan 1980-talet. For lite uttak ved jakt, og milde vintrar med stor overleving av hjort dei siste tiåra, har bidrege til at bestanden av hjort nær har dobla seg sidan tusenårsskiftet.
Konstituert landbrukssjef, Simon Rudolf Wolff, stadfestar at det er for mange hjort i Bjørnafjorden og nabokommunane.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Det er blitt ei utfordring. Mest sannsynleg har det aldri vore så mykje hjort her, i Samnanger og på Tysnes — som me har ansvaret for, seier Wolff.
— Kva er det største problemet?
— Hjorten et opp avlingane til bøndene. Bøndene kan ikkje velja dei beste grasfrøblandingane, då hjorten et opp dei beste fôrplantene, seier Wolff.
Vestland og Møre og Romsdal er dei to mest hjorterike fylka i landet, og enkelte stader fører hjortebestanden til ein avlingsreduksjon på heile 25 prosent.
— Med mykje hjort, kjem det mykje flått. Flåtten er ein kjent vektor for smittsame sjukdomar både på dyr og menneske. Saue- og geitenæringa er sterkt plaga med leveriktar. Hjorten er òg i stor grad infisert av leveriktar, og bidrar som spreiar av smitte, seier Wolff.
Vekta på hjortekalvane er sterkt redusert dei siste 10-åra. Dette er eit dyrevelferdsmessig problem sidan dei har mindre energireservar å møta vinteren med. Låg vekt medfører også eit mindre jaktutbyte per kalv
— At dei trekkjer for nær tettbygde strøk er sjølvsagt skummelt i høve til påkøyring, men eit endå større problem, er at det er vanskeleg å sikra ettervekst og ny skog. Når hjortebestanden er så stor som han er no, er forynging av skog etter hogst ei stor utfordring, slår Wolff fast.
Ettersom det i denne landsdelen ikkje finst rovdyr til hjorten, er avskyting einaste måten å halda bestanden nede på.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vil vurdera å tillata «fri» skyting av kalv
— Hjort et mykje vegetasjon i skog og fjellområde, men også innmark. Mange bønder er ikkje særleg begeistra for dette, seier Wolff.
Det er kommunen som kvart år tildeler fellingsløyve til dei ulike hjortevalda, men like fullt er det jegerane som får ansvaret med å fella. Dei klarer ikkje alltid å ta ut så mange som kommunen gjev løyve til.
— Framover vil me jobba for at det skal bli betre samhandling og større fokus på kompetansebygging i jaktmiljøet. Det vil skje i samarbeid med avdelinga for jakt, vilt og utmark ved Skogbrukets Kursinstitutt. Målet er å få til ei meir funksjonsretta viltforvaltning, seier Wolff.
Han lister opp tre punkt dei har sett ned for å minska den stadig veksande hjortebestanden i Bjørnafjorden kommune.
— Me må auka avskytinga, ha fokus på kjønnsbalansen/kjønnsfordelinga på hjortebestanden og setja ekstra «lys» på problemområda der det er ekstra mykje hjort og stor skade på t.d. jordbruksareal og skog, seier han.
Han legg til at andre kommunar no har opna for «fri» avskyting av kalv.
— Dette er noko me vil vurdera fram til me legg fram den nye hjorteviltstrategien i juni. Førebels må me venta. Eg snakka med miljødirektoratet i dag. Dei ville ikkje gje løyve til fri avskyting av kalv før noverande prosjekt er avslutta, truleg inneverande år, og ferdigrapportert, legg Wolff til.
Tok ut 96 prosent
I vår førre sak om den store hjortebestanden, var nokre av tala om fjorårets jakt, unøyaktige. Styreleiar i Os Vest Hjortevald, Henrik A. Valle, presiserer:
Artikkelen held fram under annonsen.
— Det området som de omtala i den saka (Skeisbotn, journ. mrk.), høyrer inn under Os Vest Hjortevald (OVH, storvald). Her auka tildelinga av fellingsløyve med 33 prosent, frå 150 dyr i 2020 til 200 dyr i 2021. Vesentleg å nemna er også at me i 2020 hadde ein fellingsprosent på 100 prosent. I fjor hadde me ein fellingsprosent på 96,5. Jegerane i OVH gjer ein formidabel jobb, utifrå retningslinjene dei er nøydde til å følgja, slår Henrik A. Valle fast.