Slutt for Duga i Os sentrum: — Går ikkje som vi håpa
— Vemodig, skriv butikkeigar Marielle Aanes på Facebook i kveld.
Etter fire år er det altså slutt for den vesle klesbutikken i Brugata.
— Det er veldig vemodig å fortelja at vi no legg ned butikken vår i Os sentrum, heiter det på Dugas Facebook-side torsdag kveld.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vidare heiter det at sidan starten i 2018, har ynsket vore å driva både nettbutikk og fysisk butikk, «med hovudfokus på butikken der vi kan møta kundane våre».
— Å starta noko nytt er tøft, men halvtanna år etter opninga, kom covid og gjorde det ekstra vanskeleg for oss som relativt ny i gamet.
Duga har det siste året gjort ein del tiltak for å tilpassa seg, «men vi må no innsjå at det ikkje går som vi håpa».
Dugas nettbutikken held likevel fram som vanleg. I tillegg vil det bli enkelte pop-up sal rundt omkring.
Alt i morgon, fredag, startar flyttesalet. Siste opningsdag er laurdag 28. mai.