Borgavegen stengt for trafikk fram til 27. mai
I samband med utbetring av straumnettet, blir delar av Borgavegen stengt for trafikk fram til fredag 27. mai.
Det opplyser kommunen på sine heimesider.
– Fotgjengarar kan passera, og dei som bur i området kan køyra til og frå eigedomane sine, vert det lagt til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er sett opp skilt med køyremønster og -retning på den kommunale vegen.
Grunn og betong AS utfører arbeidet for BKK Nett.