Ubåtar: M/S Sunnhordland blei bygd i 1943 i USA, og vart utstyrt for å kunna jakta ubåtar under 2. verdskrig.

Bli med på lesartur med veteranskipet M/S Sunnhordland. Framleis ledige billettar

Skipet inviterer i samarbeid med Os & Fusaposten til dagstur til Rosendal 3. juli.

Skipet har avgang kl 13.30 frå Os. På turen til Rosendal kan det kjøpast mat og drikke om bord.

Det er framleis billettar att til dagsturen. Ny frist for kjøp av billettar er måndag kl 12.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klikk her for billettar (påmelding).

Veteranskipet kjem til den naturskjønne tettstaden ved utløpet av Hardangerfjorden kl 16. Her er det høve for passasjerane å ta seg ein rusletur i Baronihagen.

Avreisa frå Rosendal vil vera kl 19, og skipet vil vera attende på Os omlag kl 21.30.

Ubåtjagar under andre verdskrig

M/S Sunnhordland blei bygd i 1943 i USA, og vart utstyrt for å kunna jakta ubåtar under 2. verdskrig. Skipet blei utlånt til Storbritannia, og fekk heimehamn i Gibraltar. Fram til sluten av andre verdskrig var båten eskortefartøy og ubåtjagar langs vestkysten av Afrika.

To år etter krigens slutt, blei skipet seld til eit norsk selskap, og blei ombygd til bil- og passasjerferje. I 1974 blei det seld til eit finsk selskap, ombygd til cruiseskip, og gjekk i cruisefart i Finskebukta mellom Helsingfors, Leningrad og Tallinn.