Gode representantar: Dei to unge handballspelarane blei utnemnde av juryen som gode representantar for Os Turn Handball.

Stine-Mari og Gard blei tidenes fyrste mottakarar av Brits Ildsjelfond

I pausen under handballkampen mellom Os og Bønes torsdag kveld var det klart for den alle fyrste utdelinga av Brits Ildsjelfond.

Då Brit Eirin Tungeland vart Årets eldsjel under Idrettsgallaen 2020, blei det nemleg slått fast at pengepremien på 100.000 kroner skulle gå til å løfta fram unge, gode representantar for Os Turn Handball.

Les også
Årets eldsjel: Brit Eirin Tungeland håpar å kunna inspirera andre

To ungdomar frå handballgruppa skal i åra framover få tildelt ei pengestøtte frå Brits Ildsjelfond. Mottakarane er ei jente og ein gut mellom 13 og 16 år, som har til felles at dei har utmerka seg som gode forbilde, medspelarar og representantar for Os Turn Handball.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pris i pausen

Tidenes fyrste mottakarar, blei Stine-Mari Bråten (J15) og Gard Nystad-Askeland (G14).

Fyrstenemnde spelar også på damelaget, og hadde akkurat tatt seg ein velfortent pause i kampen mot Bønes, då det blei kunngjort at ho og Gard fekk årets pengestøtte på 2.500 kroner frå eldsjelfondet.

– Eg blei veldig overraska. Eg trudde ikkje at eg skulle vinna, seier Stine-Mari.

– Eg var ikkje klar over at denne prisen skulle delast ut ein gong, før dei ropte opp namnet mitt, smiler Gard, som fram til pausen sat uvitande på tribunen og såg på kampen.

Sjølv om nyhenda kom brått på, veit han allereie kva han skal gjera med pengane.

– Dei skal eg setja på sparekonto.

Etter utdelinga gjekk Stine-Mari tilbake på banen og heldt fram damekampen.

Det blei ein jamn og spennande kamp, men stillinga endte til slutt 26-22 til Bønes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bønes vann kampen: Etter fleire kontringar og ein spennande kamp, vann til slutt Bønes med fire mål.