Til topps: Fusa vidaregåande skule gjekk heilt til topps i NM i volleyball for videregåande skular i Oslo i helga.

Fusa vidaregåande skule sitt mixlag sikra NM-gull

Det vart ein spennande finale mot NTG Tromsø søndag.

I helga gjekk NM i volleyball for videregåande skular av stabelen i Ekeberghallen i Oslo.

Etter 176 kampar til saman stod Fusa vidaregåande skule att som vinnarar av mixklassen. I finalen møtte dei NTG Tromsø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som dei andre finalane, vart også finalen i mixklassen jamn. Tromsø vann første sett med settsiffera 22–25. Deretter slo Fusa tilbake, og vann andre og det tredje, avgjerande settet, 25–19 og 15–9.

Ifølgje volleyball.no sikra Fusa vidaregåande skule sigeren med god blokking og serving i dei to siste setta, og kunne dermed kalla seg noregsmeistrar i mixklassen.

Før finalesigeren, som altså enda 2–1, vann Fusa vidaregåande skule fem av seks føregåande kampane 2–0. Den dei tapte tapte dei for Kalnes.