Fekk melding: I 11-tida søndag fekk politiet melding om forureining i Lysefjorden. (Illustrasjonsfoto)

Fekk melding om forureining i Lysefjorden

Politi og brann køyrde ut til staden.

I 11-tida søndag fekk politiet melding om forureining i Lysefjorden. Politi og brann køyrde til staden.

– Forureininga framstod som ein oljefilm og papirrestar. Det er ukjent kor dette stammar frå. Forholdet var ikkje alvorleg nok til at det vert oppretta sak, opplyser vakthavande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Søndag ettermiddag fekk politiet melding om at det var funne ein irsk setter på Osøyro. Meldar ville ta kontakt med politiet dersom han ikkje fekk kontakt med eigar.

– Politiet høyrte ikkje noko meir frå meldar, så då håper vi det løyste seg, kommenterer vakthavande.

Søndag kveld fekk politiet melding om to personar som fiska i Oselva. Kort tid etter var personane borte og politiet kom ikkje kontakt med vedkomande. Inga sak var oppretta.

Natt til søndag, i 4-tida, fekk politiet melding om ein hest ved vegen i Hagavik.

– Politiet hadde ikkje kapasitet til å ta oppdraget og det kom ikkje fleire meldingar, opplyser vakthavande.