Endeleg: Legar og tilsette ved Os allmennpraksis kom med gladnyheit i dag.

Os allmennpraksis har fått nye lokale

Held fram drifta i Osøyro til hausten. I tillegg får dei fleire legar.

I dag stadfesta Os Allmennpraksis på si Facebook--side at det har gått i orden med nye lokaler på Osøyro frå hausten.

Legekontoret har som kjent vore på jakt etter nye lokale sidan starten av februar. Då Os næringspark å inngå leigeavtale med NAV frå komande sommar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Legane har mellom anna vore i møte med kommunalsjef Monica Totland Melvold om saka. Dessutan forhøyrde dei seg om mogleg leige av Fjellheim.

Fleire detaljar etterkvart

Akkurat kva lokaler det er snakk om, seier posten ingenting om. Men det vert opplyst at det kjem fleire detaljar etterkvart.

Det er fastlege Lars Haugom som handterer det administrative på vegner av legekontoret. Han har så langt ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

I tillegg til nye lokaler, kjem også fastlege Nina Sundfjord tilbake i mai. Når det gjeld fastlege Guro Lekvens liste, kjem det ny vikar i mai månad.

Facebook-posten avsluttar med å takka for stort engasjement rundt jakta på nye lokale.