Born skal ha begått hærverk over fleire dagar
Politiet fylgjer no opp saka på Søfteland i «det førebyggjande sporet».
Klokka 15.20 søndag fekk politiet melding om om fem-seks ungdomar som utførte hærverk på ein nedlagt barnehage på Søfteland.
Det skulle blant anna ha blitt knust vindauge i bygget.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politiet var på staden med to politipatruljar og kom over fem born/ungdomar i alderen 12-14 år som vedgjekk å ha teke del i dette.
Kontakta verjer/føresette
Måndag fortel fagleiar Atle Birkeland ved Bjørnafjorden politistasjon at det truleg har føregått hærverk over fleire dagar på staden.
Det er nyleg vedteke at barnehagen skal rivast.
— Vi ser likevel alvorleg på hendinga, seier Birkeland.
Han fortel at politiet har kontakta verjer/føresette til dei involverte, og at saka vert følgt opp vidare i det førebyggjande sporet.