Solidaritetsframsyning i Oseana: - Aldri i tvil
Kiev Grand Balletten frå Ukraina er på solidaritetsturné, og kjem til Oseana.
Då krigen braut ut, vart Kiev Grand Ballett med sitt ensemble stranda i Europa, utan moglegheit til å reisa heim til Ukraina. Dei var også ferdige med turneen sin, og hadde slik ikkje lenger inntektsbringande arbeid å gå til, opplyser Oseana i ei pressemelding.
På bakgrunn av dette, vart «Solidarity Tour» til - eit sett av framsyningar av Svanesjøen på fleire kulturscenar i Noreg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Framsyninga i Oseana 30. april blir halden som ein del av Solidarity Tour for å støtta Grand Kiev Ballet, med deltaking av leiande artistar frå den ukrainske balletten.
- Det var ikkje tvil om at vi ville prøva å få dette til då spørsmålet kom, seier arrangementssjef Berit Steen i pressemeldinga.
– Vi har stilt sal og mannskap til disposisjon, og er glade for å ha fått moglegheit til å hjelpa i denne fortvila situasjonen.
Inntektene frå framsyninga går til ballettdansarane frå Kiev, samt at Oseana dedikerer delar av si inntekt til Røde Kors og deira naudhjelp til Ukraina.
Steen har også ei oppmoding til både bygdefolk og særleg næringslivet i Os:
– Vi har alle følgt med på situasjonen i Ukraina, og mange vil gjerne hjelpa. Dette er ei fantastisk moglegheit til å gjera nett det. Det er fantastisk dyktige dansarar i denne balletten, så her får ein både ei flott kulturell oppleving, samstundes som ein veit at ein hjelper både dei som står på scena, deira familiar og også generell støtte til det krigsramma landet.
Arrangørar er Grand Kiev Ballett og foreininga Kultur for Folket.