Hummar på høyring
Det var aldri intensjonen vår at saka ikkje skulle ut på høyring.
Det har vore svært hett i lokalavisene, og i sosiale media dei siste vekene. Innbyggjarane i Bjørnafjorden har eit brennande engasjement i debatten om fredningssoner for hummar.
Saka vekker sterke følelsar, og det med god grunn.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fredningsområde ved Vinnes og Røtinga, berører mange sine kvardagsliv. Områda har vore i bruk i generasjonar, og betyr mykje for lokalbefolkning, næringsliv, skular, barnehagar og hyttefolk.
Det er ei reell frykt for å miste levebrød og fritidsinteresser. Det er eit sterkt ynske om at dei neste generasjonene skal få viktig kunnskap og erfaring, og eit håp om å verne kystkultur som er ein stor del av desse områda sin identitet.
For Arbeiderpartiet er det viktig, og riktig å verna hummar. Me er for å ha fredningssoner, for å ivareta, gjenoppbyggje og auke bestanden.
Men me vil velje desse på eit godt kunnskapsgrunnlag. Eit godt kunnskapsgrunnlag der alle involverte partar har blitt høyrt.
Me i Bjørnafjorden Arbeidarparti har stor forståing for reaksjonar som har kome. På same måte som kommunestyregruppa til Høgre ser me at formuleringa frå møte i PBU 16.mars er feil.
Det var aldri intensjonen vår at saka ikkje skulle ut på høyring.
Me har til komande kommunestyremøte eit framlegg til vedtak som inneheld blant anna at gjeldande kunnskapsgrunnlag har for mange uavklarte moment med omsyn til fordelar og ulemper ved å innføre fredningssoner for hummer ved Vinnes og Røtinga. Me ynskjer ei brei høyring der alle partar som saka vedkjem, får uttala seg. Dette gjeld mellom anna fritidsfiskarar, yrkesfiskarar, næringsorganisasjonar, offentlege instansar, frivillige lag og organisasjonar. Me treng meir informasjon om dei føreslegne områda, og om andre område kan ha større fordelar, eller mindre ulemper.
Arbeiderpartiet vil alltid setje medverknad og involvering høgt i våre prosessar, og vera sikre på at me har eit godt kunnskapsgrunnlag før me gjer vedtak.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bjørnafjorden Arbeidarparti
Kommunestyregruppa