Bøsseberarar: Konfirmantar og andre bøsseberarar er klare til vårens viktigaste oppdrag i nærmiljøet.

Hundrevis av konfirmantar i Bjørnafjorden med livsviktig oppdrag

Siste veka før påske kjem konfirmantane på døra for å samla inn pengar til Kirkens Naudhjelp.

«Det er håp i ein drope vatn» er mottoet for årets fasteaksjon. I år handlar det om det livsviktige arbeidet med å skaffa reint vatn til menneske i naud.

Siste veka før påske deltek difor hundrevis av konfirmantar i Os og Fusa med bøssebering, challenges og deling på nett. Og i år er den lokale aksjonen både fysisk og digital.

Artikkelen held fram under annonsen.

Konfirmantane i Fusa sokn bankar på alle dører i Fusa-bygdene i perioden søndag 3. – onsdag 6. april.

Ta godt imot konfirmantane!

— Ta godt imot dei, du kan anten leggja pengar på bøssa dei har med seg, eller gje via Vipps, seier soknerådsleiarane Bente Brøvig Strømme (Os) og Sigbjørn Sundfjord (Fusa) i ei pressemelding.

På Os-sida er det søndag 3. april det skjer. Då går både konfirmantar og andre bøsseberarar dør-til-dør.

— Det er fleire roder enn konfirmantar, så for å få full dekning i heile Os, treng vi fleire til å gå med bøsse. Om dei som les, ynskjer å bidra, er dei hjarteleg velkomne til å melda seg til teneste, seier soknerådsleiarane.

Dryppsystem: I Malawi jobbar Kirkens Naudhjelp med klimatilpassa jordbruk, gjennom vatning via dryppsystem.

Kva går pengane til?

Verda opplever mange kriser samstundes: Konflikt, flyktningkrise, pandemi, auka fattigdom og klimakrise. Talet på menneske som treng naudhjelp aukar dramatisk.

Akkurat no går den største flyktningkrisa etter 2. verdskrig føre seg i Europa, på grunn av krigen i Ukraina. Verste scenario er at ti millionar menneske må flykta. Frå før er millionar av menneske på flukt frå svolt og krig, flaum og konflikt.

Men i fylgje Kirkens Naudhjelp er det håp. Dei er nemleg til stades med vatn og hjelp til dei som treng det mest.

Det er krise i Ukraina, det er det også i Afghanistan og Malawi. I Afghanistan er Kirkens Naudhjelp til stades med mellom anna reint vatn, teppe og hygienepakkar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Malawi vart tidlegare i år råka av flaum, og Kirkens Naudhjelp gir krisehjelp og driv langsiktig hjelpearbeid.

Vil påverka norsk klimapolitikk

Pengane frå fasteaksjonen bidreg både til at flyktningane frå Ukraina får hjelp, at Kirkens Naudhjelp kan vera til stades ved kriser som i Afghanistan og Malawi, og driva langsiktig bistandsarbeid gjennom å gje menneske over heile verda tilgang til vatn og gjera dei i stand til å møta klimaendringar og kriser.

I fylgje pressemeldinga gjev fasteaksjonen også moglegheit til å vera med og påverka norsk klimapolitikk.

— Dei fattigaste i verda har bidrege minst til klimaendringane, men opplever dei verste konsekvensane. Det er dønn urettferdig, seier dei.