Politiet har oppretta sak etter brann i taket på eit privathus
Politi og brannvesen fekk melding om brannen fredag morgon.
Klokka 09.40 fredag morgon rykte brann og politi ut etter ei melding om brann i taket i ein bustad i Brothaugen i Kuvågen på Os.
Brannvesenet hadde kontroll og fekk sløkt brannen kort tid etter.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det vart ingen personskader.
Politiet har oppretta sak på hendinga.