Stengjer teststasjonen i samfunnshuset: Endring også i Kolskogen
Opningstidene ved teststasjonane blir endra frå og med neste veke som følgje av at behovet for PCR-testing søkk i tak med smittetala.
Bjørnafjorden kommune melder på heimesida si at teststasjonen i Eikelandsosen samfunnshus stengjer dørene denne veka. Frå neste veke (veke 13), vil testinga skje ved Eikelandsosen legekontor på ettermiddagstid.
Testen vil bli teken utanfor legekontoret, opplyser kommunen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Også i Kolskogen blir det endring frå neste veke. Stasjonen vil framleis vera oppe vekedagar, men førstkommande laurdag blir siste moglegheit for helge-testing i Industrivegen.
Kommunen opplyser også om at dersom behovet for PCR-testing skulle bli større, vil teststasjonane raskt og enkelt kunna auka kapasiteten.