Person i vegen i Mobergsbakken - politiet måtte bistå
Politiet fekk melding laurdag kveld.
Kl 20:30 i går fekk politiet melding om ein rusa person i vegen i Mobergsbakken.
Politiet kom i kontakt med vedkomande og bistod med å få han trygt heim. Vedkomande var i 30-åra, opplyser politiet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Same kveld vart ein mann i 20-årsalderen stoppa i ein bil med diverse manglar.
– Det er skriven ut kontrollsetel, og bilen må framstillast for kontroll ved Statens Vegvesen, opplyser vakthavande.