Formannskap og gruppeleiarar vedtok felles uttale om ukrainske krigsflyktningar
På initiativ frå ordførar Trine Lindborg (Ap) gjekk eit samla formannskap i dag inn for å leggja til rette for å ta imot flyktningar frå Ukraina. Dei kom også med fylgjande uttale.
Formannskapet i Bjørnafjorden er rysta over Russland sitt brutale, militære angrep på Ukraina, og tar avstand frå og fordømer Russland sin aggresjon og krigføring.
Angrepet er eit alvorleg brot på folkeretten og får svært dramatiske og tragiske konsekvensar for heile befolkninga i Ukraina.
Artikkelen held fram under annonsen.
Solidaritet og omsorg
Dei siste tala vi har fått rapportert viser at nærare tre millionar menneske no er på flukt frå heim og land. Vi i Bjørnafjorden vil leggje forholda til rette for at flyktningar frå krigen i Ukraina kan koma til kommunen.
Vi ber kommunedirektøren om å førebu og rigga kommunen og tenestene til mottak av krigsflyktningar, så snart nasjonale styresmakter anmoder om dette.
I Bjørnafjorden bur det både russarar, hviterussarar og ukrainarar. Formannskapet oppmodar og ber alle innbyggjarane i Bjørnafjorden om å vera inkluderande, visa solidaritet, omsorg og medmenneskelegheit med alle desse i ei svært krevjande tid.
Det er Putin som er ansvarleg for krigen,- ikkje russarane.
Snakk med borna
Mange born,- også i Bjørnafjorden, er no bekymra og redde for krigen i Ukraina og alt den fører med seg av liding og usikkerheit.
Formannskapet er opptekne av at vaksne må ta dette på alvor og snakka med borna. Vi oppmodar alle som har born eller arbeider med born og unge å vere merksame på deira reaksjonar på situasjonen som no utspelar seg rundt oss.
Formannskapet ber kommunedirektøren gjennomgå kommunen sine beredskapsrutiner, følgja opp anmodningar frå nasjonale styresmakter, og å iverksetja naudsynte tiltak for å sikra at Bjørnafjorden si finansportefølje ikkje har aktive investeringar i russiske interesser.
Formannskapet ber også kommunedirektøren om å ta initiativ til eit møte med frivillige organisasjonar for å leggja til rette for at kommunen og frivillige lag og organisasjonar er koordinerte og budde på å bidra i mottak og integrering av flyktningar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ei takk til innbyggjarane
Formannskapet og heile det politiske miljøet som er representerte i kommunestyret vil takka innbyggjarane i Bjørnafjorden, som på denne korte stunda har meldt inn ledige husvære, meldt seg til teneste som frivillige, og også samla inn pengar og gåver til Ukraina.
Det er godt og trygt å sjå at så mange bryr seg og ønskjer å hjelpa.
Formannskapet i Bjørnafjorden ønskjer å støtta opp under Solidaritetskonserten i Os kyrkje si innsamling til Ukraina og gjev kr 52.000.
Midlane vert henta frå formannskapet sitt disposisjonsfond.
Bjørnafjorden formannskap ved Trine Lindborg (Ap) Mikal Leigland (Sp) Bjarte Samnøy (Krf), Harald Lekven (uavh) Linda Kjosaas (Ap) Terje Søviknes (Frp), Laila Reiertsen (Frp), Espen Aspenes (Frp), Marie Bruarøy (H)
Gruppeleiarar og uavhengige:
Nils-Anders Nøttseter MDG
Asle Olsen SV
Artikkelen held fram under annonsen.
Magne Djuvik (Uavh)
William Lindborg (Ap)
Terje Sperrevik (Sp)