Skal dela ut 936.000. Desse kan søkja
Bjørnafjorden kommune har fått tildelt kr. 936 000 som skal fordelast til verksemder som har vore råka av smitteverntiltak.
Den nye tildelingsrunden vart vedtatt i Stortinget 24. januar 2022. Midlane vert no lyste ut. Målet er å avhjelpa situasjonen for den delen av næringslivet som har vore ramma av inngripande smitteverntiltak innan bransjane;
• servering,
Artikkelen held fram under annonsen.
• overnatting,
• sport og fritid,
• reisebyrå og -arrangørar,
• kunst og underhaldning og
• kongress-, messe- og utstillingsverksemder.
– Bjørnafjorden kommune vil særleg vurdera verksemder som har falle heilt eller delvis utanfor dei tidlegare generelle kompensasjonsordningane, som m.a. nystarta verksemder, heiter det på kommunen sine nettsider.
Støtta vil bli fordelt med lik sum til kvar av dei verksemdene som er kvalifisert.
Søknadsfristen er søndag 31. mars 2022.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunen tek sikte på utbetaling i den påfølgjande veka.