Vegstrekningar med mange ulukker og stor rasfare skal prioriterast
No er tida komen for å vera tydelige og modige nok til å ta denne prioriteringa.
Vegstrekningar med mange ulukker og stor rasfare skal prioriterast. Vedlikehald og ras- og tunellsikring av fylkesvegane må aukast kraftig!
Det er stort etterslep på vegvedlikehaldet i Vestland fylke, og samtidig er ei rekke nye vegprosjekt under planlegging.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det vil derfor oppstå mange situasjonar der dei ulike kommunestyra og fylkestinget må prioritera kva vegprosjekt som er viktigast for oss.
No er tida komen for å vera tydelige og modige nok til å ta denne prioriteringa! Også når det gjeld dei store prosjekta!
•Kva gagnar folket?
•Kva gagnar næringslivet og utviklinga i dette flotte fylket vårt?
•Og ikkje minst, kva gagnar miljøet og framtida vår?
Bjørnafjorden kommune har lenge vore både modig og tydeleg! Kva kommune seier eit rungande NEI til å bli ilandføringsstad for ei bru?
Jo, ein kommune som ser at dette ikkje gagnar verken fellesskapet eller miljøet!
Bjørnafjorden Arbeidarparti er eit kommuneparti som ser lenger enn seg sjølv, og som ser fornufta i å dela utvikling og transportkorridorar med fleire.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vi ser det som åpenbart at det å velja ferjefri E39 med indre trasé, vil auka verdiskapinga i heile Vestland – samtidig som ein sikrar gode forbindelsar aust/vest i tillegg til sør/nord.
Ein indre trasé vil kunne knytta trafikken saman med E134 og ikkje minst med det som verkeleg MÅ prioriterast:
• Vågsbotn-Klauvaneset
• Ringveg Øst
• K5 Veg og bane
For det ER nemleg sånn at alt heng saman med alt!
Vårt felles mål er null auke i personbiltrafikken. Bjørnafjorden kommune er medlem av Byvekstavtalen. Vi i lokallaget kan ikkje forstå at målet er mulig å oppnå ved å sleppa all trafikken gjennom Bergen.
Fantasiprosjektet Hordfast med Bjørnafjordbru må stansast!
Artikkelen held fram under annonsen.
Kostnadsbildet på dette prosjektet kan ein berra ana. Og vi er mange som stiller spørsmål til tala som blir presenterte. Ikkje minst når ein ser kva enkle utbetringar på livsfarlige fylkesvegar har fått av kostnadsauke bare det siste året!
• Ferjefri E39 indre trasé kan byggast som ein to-felts veg med midtdelar.
• Den kan byggast ut etappevis.
• Den aukar verdiskapinga og samfunnsnytta for fleire kommunar og områder.
• Og den bygger Vestland saman på ein mykje meir framtidsretta måte.
Henriette Madel Mori Lien
Nestleiar Bjørnafjorden Arbeidarparti