Tåkeprat frå Statens vegvesen
Eg ser i avisa at Statens Vegvesen har «rekna heim» karbonutsleppet for Hordfast, om dei berre får rekna i ein periode på 100 år.
Om 100 år er allting gløymd, er eit velkjend utsagn. Eg vil berre seia, lat meg få gløyma et eg har lese denne avisartikkelen i dag!
Eg har mange gode grunnar for å be om å få gløyma å ha lesa dette, mellom anna:
Artikkelen held fram under annonsen.
1. Korleis kjem spart utslepp frå bilane som vert frakta over fjorden med maskina til ferga (utan å gå for eiga maskin) inn i reknestykket?
2. Kva er truverdet i dag for transport som skal reknast 100 år fram i tid? Er det nokon som trur at transportmønsteret ikkje vil endra seg i svært stor grad?
3. Utslepp i dag, som følgjer av bygging verkar på klima frå i dag. Spart utslepp i framtida kjem når klima allereie er øydelagd.
4. Naturøydingar varer i all æve
Tenkjer dett var nok frå meg i dag.
Håkon Kvåle Gissinger
Utflytta osing
Medlem i SV frå september 2021
Artikkelen held fram under annonsen.