Rykte ut: Naudetatar rykte ut etter melding om mogleg brann. (Arkivfoto)

Fekk melding om mogleg brann på Hagavik Hjemmebakeri

Naudetatane rykte ut.

Det melde Vest politidistrikt på Twitter like etter kl 12 onsdag.

– Det skal vera mykje røyk på staden, var meldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppdatert:

Brannvesenet er framme ved Hagavik Hjemmebakeri.

Dei opplyser at det skal ha vore brann i ventilasjonsanlegget i bustaddelen over bakeriet. Det er ikkje meldt om opne flammar, og alle tilsette skal vera ute av bygget.